Detaljregulering for Ebbesvika-Straume
Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for endring av Detaljregulering for Ebbesvika-Straume, gnr. 45 bnr. 213 m. fl. – Straume, Fjell kommune.
Reguleringsplanarbeidet har som formål å leggje til rette for nytt
Coop Obs Bygg.
Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent
Brødrene Ulveseth Eiendom AS er tiltakshavar. Holon Bergen as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet
Området ligg i næringsområdet sør for sentrumskjernen på Straume. Området er regulert i gjeldande plan Detaljregulering for Ebbesvika-Straume, gnr. 45 bnr. 213 m. fl.
Tiltaksområdet er i dag dels planert ut, og dels med fjell i dagen. Areala ligg nedanfor Ebbesvikfjellet, noko som skjermar bygget frå bustadområdet. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planområdet vil kunne justerast etter varslinga.
Formålet med reguleringa
Coop Obs Bygg ynskjer å flytte næringsverksemda frå Straumsfjellvegen til planområdet med den nye vegen til Ebbesvika for å leggje til rette for meir plass og betre eigna lokale. Gjeldande reguleringsplan må justerast for å oppnå det ein har intensjonar om i plangrepet. Planområdet omfattar òg kryssområdet med Idrettsvegen. Det skal i planarbeidet gjerast ei vurdering av utforminga av dette kryssområdet. Plangrensa kan verte justert etter endeleg utforming av krysset.
Merknader til oppstartsmeldinga
Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til: Holon Bergen AS, Kanalveien 11, 5068 Bergen. Merknader kan også sendast på e-post til: post@holon.no
Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.
Merk alle førespurnadar med vår referanse «190430 Straume».
Merknadsfrist
Frist for å komma med merknader er sett til 21.01.2020.
Vidare saksgong
Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.
Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 2019/2916
Spørsmål kan rettast til Holon Bergen AS ved Jan Espen Vik på e-post janespen@holon.no, eller tlf. 55 30 06 00