Gnr. 55, bnr. 8 mfl., Osøyro. PlanID 20231700.

Vi vil varsle om at vi startar planlegging av ei detaljregulering for Elvebakken nord i Osøyro med forslag til planprogram for konsekvensutgreiing. Arbeidet gjeld først og fremst eigedommane med gnr. 54 bnr. 36 og 171, og gnr. 55 bnr. 8, 45, 119, 121 og 122, men andre område rundt er òg tatt med for å få planen til å passe godt med eksisterande planar og bygg. Her ønsker vi å legge til rette for bustadar.

HOLON Arkitektur AS lagar planen på vegne av forslagsstillar Norwegian Outlet AS.

Planområdet

Kartet over viser korleis vi avgrensar planområdet. Planen kan til slutt bli mindre enn dette arealet, men den kan ikkje bli større utan at vi varslar om utviding.

Planarbeidet

Bjørnafjorden kommune har etter oppstartsmøte 06.12.2023 gitt løyve til å starte planarbeidet. Formålet med planen er å legge til rette for ei rekke med bustadar i punkthus langs austsida av planområdet. Vassdraget og myr skal få ligge i fred i størst mogleg grad. Detaljreguleringa skal vise korleis vi kan gjere dette på godt vis. Byggehøgder og grunntilhøve er viktige vurderingar i planarbeidet.

Planarbeid på denne tomta har vore varsla før. Det har vore dialog med kommunen om ei alternativ tilnærming sidan det blei klart at det ikkje var mogleg å gjennomføre prosjektet som var tenkt. Tilnærminga i dette planinitiativet er meir skånsam enn ved førre varsling, og enn i gjeldande reguleringsplan og kommuneplan.

Du kan lese planinitiativet og dei andre vedlegga på denne sida for å vite meir om kva vi ser for oss å få til på eigedommane sør for Banktjørna og tidlege vurderingar som er gjort.

Informasjon og merknadar

Varsel om oppstart finn du òg på bjornafjorden.kommune.no. Gjeldande reguleringsplanar i kommunen finn du på kommunekart.com.

Bjørnafjorden kommune har vurdert at grunna strid mot overordna plan for nye bustadområde, er naudsynt med konsekvensutgreiing med planprogram. Forslaget til planprogram løfter fem tema til konsekvensutgreiing:

  • naturmangfald
  • økosystemtenester
  • landskap
  • vassmiljø
  • flaum

Om du har kommentarar eller merknadar til oppstarten av planarbeidet eller forslaget til planprogram, kan du sende dei til:

post@holon.no

eller

HOLON Arkitektur AS, Tollbodallmenningen 2A, 5004 Bergen.

Vi vil sende alle merknadar til Bjørnafjorden kommune.

Ver grei og merk alle innspel med vår referanse «22011» og skriv oss innan 01. mai 2024.

Lurer du på noko, kan du ta kontakt med Odin Stafsnes, enten på odin@holon.no, eller telefon 944 53 164.

Det er seinare i sakshandsaminga òg mogleg å uttale seg til sjølve planforslaget ved offentleg ettersyn, etter at plan-, bygg- og miljøutvalet har førstegongshandsama saken.  

Plan- og bygningslova § 12-8 seier korleis oppstart av reguleringsplanarbeid skal gjennomførast. Planen er ikkje i samsvar med kommuneplanen og kvalifiserer for konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar § 6 bokstav b.