Forslagsstillar er Risøy Hyttevel. Utførande plankonsulent er Holon Bergen AS.

Planområdet ligg nordaust på Risøya i Lindås kommune og omfattar gnr. 81 bnr. 1 og 50-68. Området ligg innanfor kommunedelplan for Lindsosane, Lygra og Lurefjorden (2011-2023), og er avsett til fritidsbebyggelse, naust og småbåthamn.

Formålet med planarbeidet er å oppdatere reguleringsplanen i tråd med eksisterande situasjon og gjeldande kommunedelplan, samt legge til rette for køyreadkomst og parkering på hyttetomtene. I tillegg går endringa ut på å auke utnyttingsgrad for fritidsbustad og naust, i tråd med gjeldande kommunedelplan og nyleg endring av Detaljregulering for Risøy Hyttefelt (plan-ID 1263201604). Det skal ikkje bli lagt til rette for ytterlige fritidseiningar. Planarbeidet medførar hovudsakleg ein oppdatering og modernisering av planen i tråd med gjeldande regelverk og nyare tids reguleringspraksis.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing etter gjeldande forskrift.

Merknader og innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til: Holon Bergen AS, Kanalveien 11, 5068 Bergen, eller e-post: post@holon.no

Merk alle førespurnadar med vår referanse «190390, Risøy». 

Frist for innsending av merknader er 7. februar 2019. 

Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Lindås kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen.Spørsmål kan rettast til Holon Bergen AS ved Sunniva Skålnes Samdal på e-post sunniva@holon.no, eller tlf. 55 30 06 00.