Gnr. 45, bnr. 131 m.fl., Ebbesvika

Vi vil varsle om at vi startar planlegging av ei detaljregulering for Knappavika kai i Øygarden kommune. Planområdet ligg i enden av Idrettsvegen på Straume. Arbeidet gjeld først og fremst eigedomen med gnr./bnr. 45/131, men andre område rundt er òg tatt med for å få planen til å passe godt med eksisterande planar og bygg. Her ønsker vi å legge til rette for utviding av eksisterande kai, og etablering av lager under bakken.

HOLON Arkitektur AS lagar planen på vegne av forslagsstillar Straume Næringspark AS.

Kommunen sitt saksnummer er 22/13228, og plan-ID er 124620230004.

Planområdet

Kartet lagt med, viser korleis planområdet er avgrensa. Planområdet er tilpassa gjeldande reguleringsplanar, og eigedomsgrenser. Planen tek for seg naboeigedomar og tilkomstveg for å regulere desse i samsvar med faktisk bruk og opparbeiding. I tillegg tek planområdet med seg LNFR-områda mot aust for å regulere lager under bakkenivå i desse områda.

Planarbeidet

Bakgrunnen for planarbeidet er at forslagsstillar ønsker å etablere aktivitet som treng tilgang til kai og fire siloar til lagring av sement. Dette er i utgangspunktet i tråd med formålet i gjeldande reguleringsplan, men det er behov for å utvide hamneområdet i sørvest. Planarbeidet vil derfor legge opp til å justere formålsgrensa slik at formålet «hamneområde på land» vert utvida og erstattar delar av formålet «hamneområde i sjø».  I tillegg ønsker ein å regulere fire hallar i fjellet på austsida av kaiområdet. Hallane er planlagde med tilkomst frå kaia med portar til tunnelar inn i fjellskjering i aust. Hallane er foreløpig foreslått regulert med storleik på 25 × 100 m.

Informasjon og merknadar

Varsel om oppstart finn du òg på oygarden.kommune.no.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald i sjø er vurdert tilstrekkeleg kartlagt av Rådgivende Biologer i deira Konsekvensutgreiing for marint biologisk mangfald frå 2014.

Om du har kommentarar eller merknadar til oppstarten av planarbeidet kan du sende dette til:

post@holon.no

eller

HOLON Arkitektur AS, Tollbodallmenningen 2A, 5004 Bergen.

Vi vil sende alle merknadar til Øygarden kommune.

Ver grei og merk alle innspel med vår referanse «22059» og skriv til oss innan   9. juni 2023.

Lurer du på noko, kan du ta kontakt med Jan Espen Vik, enten på janespen@holon.no, eller telefon 975 83 416. Det er seinare i saksbehandlinga òg mogleg å uttale seg til sjølve planforslaget ved offentleg ettersyn, etter at utval for plan har førstegongsbehandla saka.