Varsel om oppstart av detaljregulering for Knausen, Øygarden kommune
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av reguleringsplan på gbnr. 42/18 mfl. Brattholmen. PlanID 20230002.
Planområdet ligg på Brattholmen, like sør for kaiområdet og er om lag 5,6 dekar. Forslagsstillar er Endre Nordahl Pedersen. Utførande konsulent for planarbeidet er HOLON Arkitektur AS. I gjeldande arealdel til kommuneplanen er området sett av til bustad og noko LNF. Planområdet består i dag av ein einebustad med atkomstveg og hageanlegg. Området er ikkje regulert.
Intensjonen med planframlegget er å leggje til rette for tre bustader der det i dag er éin eksisterande bustad. Tilkomst til bustadane er planlagt frå Brattholmen, medan hentestad for renovasjon er planlagt ved Skrubbenesvegen. Viktige tema i planarbeidet vil til dømes vere funksjonell strandsone, tilkomst, terrengtilpassing og trygg skuleveg. Planområdet ligg i kort avstand til service- og sosiale tilbod på Brattholmen, og i nærleiken av Straume sentrum.
Planområdet er sett av til bustad i arealdelen til gjeldande kommuneplan (tidl. Fjell kommune). Området ligg òg innanfor omsynssone H190_10, høgderestriksjon Avinor. Området ligg i sone 2 i KPA, og funksjonell strandsone med byggjegrense ligg innanfor planområdet.
Reguleringsplanen omfattar ingen tiltak som ligg i forskrift om konsekvensutgreiingar, vedlegg I eller II. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Vurderinga er gjort opp mot forskrifta sine §§ 6, 7, 8 og 10.
På denne sida finn du kart over planavgrensinga, planinitiativ og referat frå oppstartsmøte og undervegsmøte med kommunen. Varslingsdokumenta finn ein òg på Øygarden kommune sine heimesider. Saksnummer er: 22/21360.
Innspel kan du sende til post@holon.no, eller HOLON, Tollbodallmenningen 2A, 5004 Bergen. Merk alle førespurnadar/merknader med vår referanse «22163». Frist for merknader er sett til 20. september 2024.
Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen. Spørsmål kan rettast til HOLON Arkitektur AS ved Jan Espen Vik på e-post janespen@holon.no, eller tlf. 975 83 416.