I medhald av plan- og bygningslova §12-14, varslar vi framlegg om endring av reguleringsplan for Korsneset, Goddo, Gnr. 63 bnr. 2, Nasjonal arealplan-ID 4613_R-117.

HOLON Arkitektur AS utarbeider planen på vegne av forslagsstillar Goddo AS.

Planområdet ligg på Korsneset på Goddo nord i Bømlo kommune. Området er regulert fritidsbustader, naust og småbåthamn i reguleringsplan. Reguleringsplanen blei vedtatt i 17.12.2007.

I 2023 blei det i byggesak søkt om rammeløyve etter den gjeldande planen, der ein samstundes søkte om fire dispensasjonar. Statsforvaltar fann i sin uttale til saka at desse dispensasjonane burde handsamast gjennom endring av reguleringsplanen i staden for gjennom dispensasjon. Kommunen gjorde ei vurdering etter denne uttala, og kom til same konklusjon. Det er på denne bakgrunnen at vi gjennomfører endring av reguleringsplanen etter forenkla prosess.

Utgangspunktet for endringa har vore nokre punkter frå eit avklaringsmøte med kommunen:

Føresegner:

  1. § 3.2.1 Stryke setningane «Innanfor området kan det oppførast hytter etter retningslinjer og føresegner i kommuneplanen», og «Maks. grunnflate skal væra 70 m2».
  2. § 3.2.2 Erstatte føresegn om takvinkel med at flate tak er ikkje tillate.
  3. Legge til føresegn om tekniske anlegg (i staden for eige regulert areal for slamavskiljar).
  4. Generelt oppdatere føresegner til dagens plan- og bygningslov.

Plankart:

  1. Justere formålsgrensa marginalt i vest i hjørnet for fritidsbustadar.
  2. Legge inn byggegrenser mot sjø.
  3. Justere snuhammar ved Steinkorsvegen 38 for å unngå å komme inn på denne eigedommen, og få betre terrengtilpassing.
  4. Justering av vegen generelt, for å tilpasse han betre til terreng.
  5. Ta ut formål for slamavskiljar (SA), og laga ei føresegn om plassering.
  6. Oppdatere grunnkart med nye eigedomsgrenser.
  7. Digitalisere plankartet og oppdatere det til dagens plan- og bygningslov.

Andre justeringar som er gjort, skal ikkje endre føremålet med planen, til dømes omformuleringar av føresegner.

Du finn gjeldande plankart, framlegg til nytt plankart, gjeldande føresegner og framlegg til nye føresegner med meir på denne nettsida. Endringane er detaljert omtalt i endringsomtala.

Vi ber om at merknader og innspel til reguleringsendringa blir merka med «2020573» og sendt til: post@holon.no, eller til postadressa HOLON, Tollbodallmenningen 2A, 5004 Bergen.

Frist for merknader er satt til 20. desember 2024.

Alle mottatte innspel og merknader vil bli sendt til Bømlo kommune for handsaming, eventuelt saman med justert endringsframlegg. Det er derfor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen. Spørsmål kan du rette til Jan Espen Vik i HOLON på e‑postadresse janespen@holon.no, eller tlf. 55 30 06 00 / 975 83 416.