I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av detaljregulering for Vestra Marka, gbnr. 24/201 mfl., PlanID 20230006.

Planområdet ligg på Landro like nord for Landro skule og er 79,3 dekar. Forslagsstillar er Jonny Landro. Utførande konsulent for planarbeidet er HOLON Arkitektur AS. I gjeldande arealdel til kommuneplanen er området sett av til framtidig bustad. Området er ikkje regulert, men grensar til Detaljreguleringsplan for Landro gravplass, gnr. 24, bnr. 7 mfl.- Landro.

Intensjonen med planframlegget er å leggje til rette for utbygging av eit nytt bustadområde i tråd med overordna planar. Viktige tema i planarbeidet vil til dømes vere trygg skuleveg, tilkomst, terrengtilpassing, omsyn til steinggjerder og vassdraget Vadet.  Planområdet ligg i kort avstand til service- og sosiale tilbod på Ågotnes, og i nærleiken av Landro skule og Landro kyrkje. Det skal leggjast til rette for eit bustadprosjekt tilpassa staden, med svært gode bukvalitetar som sol- og lystilhøve, med leikeplassar og uteopphaldsareal. Talet på bustadar vil avklarast ut i frå samansetning mellom einebustader, rekkjehus og eventuelle andre bustadtypar. Førebelse utgangspunkt er omtrentlege 70 – 80 nye bustader.

Planområdet er sett av til framtidig busetnad i arealdelen til gjeldande kommuneplan (Fjell kommune). Området ligg òg innanfor omsynssone H810_58, som sett krav til felles planlegging, og skal sikra at utbygginga skal ta omsyn til grøne strukturar, og legge til rette for alternativ bruk av tidlegare landbruksjord. I dag er planområdet omfatta av einebustadar og nokre fritidsbustader. I samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 – 2034 ligg planområdet innanfor kommunedelsenteret Ågotnes.

Reguleringsplanen omfattar ingen tiltak som fanges opp av forskrift om konsekvensutredninger, vedlegg I eller II. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Vurderinga er gjort opp mot forskrifta sine §§ 6, 7, 8 og 10.

Avgrensinga av planområdet går fram av vedlagte kart.

Varslingsdokumenta kan òg sjåast på Øygarden kommune sine heimesider under tenester, innsyn og næring, vidare på kunngjeringar og høyringar. Saksnummer er: 23/10394.

Frist for merknader er sett til 29.01.2024.

Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen. Spørsmål kan rettast til HOLON Arkitektur AS ved Aslaug Sæther på e-post aslaug@holon.no, eller tlf. 415 06 870. Merk alle førespurnadar/merknader med vår referanse «23028».