Varsel om oppstart av arbeid med endring av Reguleringsplan Stemmegarden del av gnr. 1, del av bnr. 1, 3 og 92. Plan-id: 4626_1246 20110011

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 tredje ledd og § 12-14 vert det varsla om oppstart av arbeid med endring av plan for Stemmegarden. Forslagsstillar er Vacuri AS. Utførande konsulent for planarbeidet er Holon Arkitektur AS.

Føremålet med planendringa er å etablere ein funksjonell og tilgjengeleg gangveg som kan nyttast av bebuarar i Stemmegarden og Tibben. Det er svært viktig å etablera trafikksikre forbindelsar spesielt for barn og unge, og trygge skulevegen for dei. Gangvegen vil både sikre tilfredsstillande tilkomst til fylkesvegen (FV560) og til kollektiv/busshaldeplass. Det er naudsynt å legge til rette for ein gangveg fordi det er eit rekkjefølgekrav i gjeldande naboplan, bustadplanen for Tibben (PlanID 4626_1246 20170003) : I føresegner for denne reguleringsplanen heitar det: «Før det vert gjeve byggeløyve for bustader i planområdet skal det vere etablert samanhengande gang og sykkelveg eller fortau fram til nærmaste kollektivhaldeplass.». I tillegg gjer vi desse endringane:

  • Krysset som blir regulert mot fylkesvegen og inkluderer delar av denne, er ein detaljering av gjeldande plan for FV 555 (no 560) Kolltveit – Sund.
  • Deler av leikeplass i gjeldande plan for Stemmegarden blir omregulert til gangveg. Delar av veg i plan for Stemmegarden endrast frå offentleg til privat eigarform.
  • I regulert innkøyring til Stemmegarden i gjeldande plan for FV 555 (560), overlappar ein på ein uheldig måte med detaljregulering for Stemmegarden. Det er i planforslaget regulert innkøyring i samsvar med eksisterande avkøyrsle

Merknader og innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til: HOLON Arkitektur AS, Kanalveien 11, 5068 Bergen, eller e-post: post@holon.no

Merk alle førespurnadar med vår referanse «21099». Frist for merknader er sett til 2. mai 2022.

Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen. Spørsmål kan rettast til HOLON Arkitektur AS ved Aslaug Sæther på e-post aslaug@holon.no, eller tlf. 55 30 06 00. Etter at merknadar er komen inn, og etter at utførande konsulent har samanfatta desse, vil Øygarden kommune vurdere om saka kan handsamast etter forenkla prosess jf. 12 – 14, 2. ledd. Kommunen vil med bakgrunn i innhald i merknader ta stilling til kva for prosess saka skal følgje vidare.