Varsel om endringsforslag til reguleringsplan for Mjåtveit næringsområde.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 vert det varsla om endring av reguleringsplan for Mjåtveit næringsområde, gnr./bnr. 322/218 mfl., Alver kommune, planID 1256 2012 0001 og saksnr. 22/682.

Forslagsstillar er Mjåtveit næringspark. Utførande konsulent for planarbeidet er HOLON Arkitektur AS.

Formålet med reguleringsplanendringa er å leggje til rette for lagerverksemd søraust i planområdet. Dette vert gjort ved presisere arealformålet som i gjeldande plan er delt på tre arealformål regulert for høvesvis Næring/Offentleg eller privat tenesteyting, Næring/Forretning/Kontor og Næring/Industri/Lager. Det nye arealformålet vert Næring, og føresegnene definerer nærare kva for bygningstypar og tiltak som vert tillatne innanfor området.

Endringa inneber òg justering av regulerte vegar slik at dei samsvarar med bygde vegar slik dei er godkjente i byggesaker. Det vert retta opp i føresegnene, slik at dei samsvarar betre med vedtatt reguleringsplan, enn dei har vist seg å gjere.

Følgjande endringar er gjort i plankartet:

  • Erstatta N/OPT01 med (Næring), og endra storleiken på N/F/K02 og N/IND/L01 i samsvar med nytt formål.
  • Justert o_EA01 til som bygd og frådelt.
  • Flytta o_EA02.
  • Endra o_AVT02 til f_AVT02 i samsvar med reguleringsføresegnene.
  • Fjerna regulerte avkøyrslepilar.
  • Endra geometri f_KV02, f_KV03 og f_FT03 i kryss til som bygd.
  • Forkorta f_KV04 og f_FT04.
  • Lagt til ny tilkomstveg f_KV05.
  • Slått saman formåla f_LNFRN01 og f_LNFRN03 som følgje av at vegen på tvers vert regulert bort.

Endringar i føresegnene går fram av vedlegget «Gjeldande føresegner med endringar» der alle strykingar og tilføyingar er vist i raudt.

Merknader og innspel til endringar av reguleringsplanen kan sendast til: HOLON Arkitektur AS, Kanalveien 11, 5068 Bergen, eller e-post: post@holon.no

Merk alle meldingar med vår referanse «22031». Frist for merknader er sett til 2. september 2022. Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Alver kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen.

Spørsmål kan rettast til HOLON Arkitektur AS ved Jan Espen Vik på e-post janespen@holon.no, eller tlf. 55 30 06 00.