I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Harpefjellet, Gbnr 24/1 m. fl. Landro, Øygarden kommune, planID 20210008 og saksnr. 21/20828.

Formålet med reguleringsplanarbeidet er å leggje til rette for bustader i tråd med overordna planar. Intensjonen med planframlegget er å leggje til rette for eit bustadprosjekt tilpassa staden, med svært gode bukvalitetar.  Ein ser for seg å etablera både einebustadar og rekkjehus. Førebels er det tenkt at området ikkje eignar seg for leilegheitsbygg. Endeleg tal på bustadeiningar og storleik vil avklarast i planarbeidet, men førebelse skisser tyder på at området kan tole eit ganske høgt tal, og samtidig ivareta interesser for born og unge og gje gode og varierte kvalitetar. Talet på bustadar vil avklarast ut i frå samansetning mellom einebustader, rekkjehus og eventuelle andre bustadtypar. Det skal og vurderast om det skal etablerast barnehage i området.

I høyringsutkastet til samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 – 2034 er planområdet inkludert i kommunedelsenteret Ågotnes, og skildra slik i arealstrategien: Vi skal styrka kommunedelsentra ut i frå lokale behov og moglegheiter, og med større variasjon av tilbod enn i lokalsentra. Kommunedelsentra er også nærmaste senter for sitt omland, og skal vera ein trygg og attraktiv stad å bu og veksa opp. Viktige grep er:

  • Styrkja og vidareutvikla tilboda innan detaljhandel, kommunale helse- og omsorgsteneste, skule, barnehage, kultur, fritid og idrett.
  • Styrkja kommunedelsentra med bustader tett på eit utvida tilbod av arbeidsplassar og tenester.
  • Kommunedelsentra skal vera knutepunkt for kollektiv og transport mot bygdene og stadene våre, lokalsentra og Straume.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing etter gjeldande forskrift. Avgrensinga av planområdet og referat frå oppstarstmøtet finn du i menyen til høgre.

Merknader og innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til: Holon AS, Kanalveien 11, 5068 Bergen, eller e-post: post@holon.no. Merk alle førespurnadar med vår referanse «21092, Harpefjellet».

Frist for merknader er sett til 22. april 2022.

Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen. Spørsmål kan rettast til Holon Arkitektur AS ved Aslaug Sæther på e-post aslaug@holon.no, eller tlf. 41506870.